Til startsidenSkriv ut
Fadderveke - La studietida begynne!

Det er med stor glede vi vil ønskje deg velkomen som ny student her i Bergen. Vi håper at studietida di vil bli minnerik og gjevande, og ikkje minst: At du vil trivast som student!

 

Foto: Marianne Hagland Westerlund (UiB)


Semesterstart 2010 nærmar seg med stormsteg, og det betyr at fadderprogramma spesielt for deg som er ny, snart er i gang. Semesterstart er eit teikn på at studentkulturen vaknar til live etter sommardvalen og at heile studentkulturen står klar for å ønskje deg velkommen til Bergen. Målet deira er å gje deg ein introduksjon til det nye som ventar deg; Gjennom fadderprogrammet får du høve til å bli kjent med dine nye medstudentar og med byen.

 

Frå og med veke 32 er det duka for fadderaktivitetar i Bergen. Gle deg til ei veke med mykje moro; dette er ein unik sjanse til å bli raskt kjent med byen og kva studentkulturen har å tilby.

 

Les mer om fadderuken og opningsarrangementa som finnast ved din utdanningsinstitusjon her:

 Universitetet i Bergen

 Norges Handelshøyskole

 Høgskolen i Bergen

 
 Haraldsplass diakonale høgskole

 
 NLA Breistein


 NLA Sandviken

 Betanien diakonale høgskole



Sitemap | Index | FAQ | Kontakt