– Eg studerer bachelor i havbruksbiologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Det er ganske likt bachelorstudiet i biologi, men du spesialiserer deg meir mot fisk, ernæring av fisk og fiskefysiologi. Det passa bra for meg å bli student i Bergen, og UiB har ord på seg for å være god på marine fag.

Øystein er innstilt på å gå vidare på master etter bachelorgraden. – Det er mange spennande moglegheiter. Eg tenker å gå vidare med ernæring hos fisk eller ta profesjonsstudiet i fiskehelse.
Kvifor fisk og havbruk? – Eg er frå Bømlo. Det er mykje fisk der. Dessutan har eg ein bror som er fiskeveterinær. Han har dratt meg litt i denne retninga. Eg har alltid vore interessert i biologi og fisk, og fann ut det var greitt å kombinera.
Øystein veit ikkje heilt sikkert kva jobb han vil ha etter avslutta utdanning, men er viss på at det blir noko innanfor havbruksnæringa.
– Det er absolutt ei næring i framvekst. Eg har fått inntrykk av at det trengs kompetanse på dette området, mellom anna til oppdrett av nye artar.
Studentenes Undervannsklubb i Bergen (SUB) På fritida handlar det også mykje om hav og fisk. Øystein er med i Studentenes Undervannsklubb i Bergen (SUB). Klubben har dykking fire dagar i veka, og er ein av dei mest aktive dykkarklubbane i Noreg. SUB arrangerer kurs på alle nivå, så du må ikkje ha kurs i dykking på førehand for å bli med.
– Eg er jo ikkje med på alle klubbdykk, men det er alltid nokon som reiser ut. Det er gode dykkeplassar ved Sotra, Øygarden og på Helleneset ute ved NHH.
Jaktar på havmus og middag Kva ser de etter? – Akkurat no går det an å sjå havmus. Det er ein veldig spesiell fisk som det berre er mogleg å sjå om natta. Det er ein djupvassfisk som på seinhausten kjem opp på grunna.
SUB arrangerer også helgeturar, og då blir det ein del avanserte middagar på lørdagskvelden.
– Kamskjel er godt og enkelt å få tak i. Elles går det mykje i torsk, breiflabb og steinbit. Breiflabben ligg i ro, så den tar me med kniv. Steinbiten blir tatt med slynge, som er eit slags spyd. Steinbiten kan bli litt sint...
Studentliv i Bergen – Det er mykje vatn her, og det er jo bra for meg som driv med dykking. Eg kjente Bergen ganske godt før eg kom hit, og eg visste at det var ein bra by. Det beste med å vera student er at du er så fri. Du kan styra ditt eige løp i stor grad, men det er viktig at du får med deg det du er her for. Korleis du gjer det, er opp til deg.
Råd til nye studentar – Det er viktig å involvera seg i litt andre ting enn studiet. Finn noko å driva med utanom, for eksempel dykking. Det er mange ulike studentlag du kan engasjera deg i.
Les meir:
|