> Studentintervju > Ingrid Flatøy - Student ved Norsk Lærerakademi  Til startsidenSkriv ut
Ingrid Flatøy - Student ved Norsk Lærerakademi  

- Eg likar Bergen. Eg var alltid veldig klar på at eg skulle studera ein anna stad, men når alt kom til alt var det greitt at det ikkje var så langt frå Stord. Samtidig kjente eg mange folk som skulle til Bergen.

Slik forklarar Ingrid kvifor ho søkte studentlivet i Bergen for 4 ½ år sidan, og legg til at Bergen er ein utruleg koseleg by som er oversikteleg og har mange ulike tilbod. Ho er nyutdanna allmennlærar frå NLA Lærerhøgskolen med eit halvt år vidareutdanning i spesialpedagogikk.

Ingrid Flatøy
Foto: Martin Bruvoll
Kva passar eg til?
Å bli lærar var eingong ein fjern tanke. Ingrid innrømmer at ho var usikker på kva ho ville studera, og at ho i utgangspunktet ikkje ville bli lærar.

- Det var ikkje enkelt, men du må sjå på kvalitetane dine. Eg måtte gå i meg sjølv og sjå etter kva eg kunne passa til. Då innsåg eg at eg kunne passa til å bli lærar.

Lærarutdanninga er 4-årig. På NLA er dei tre første åra grunnår med obligatoriske fag som matte, norsk, pedagogikk og drama. I tillegg er det valfag alle tre åra.

- Som valfag hadde eg estetiske fag med fordjuping i musikk dei to første åra, og faget leiing i skulen tredje året. Det fjerde året er eit valår, der du vel å fordjupa deg i enkelte fag. Dette året kan du også ta andre stader, til dømes på universitetet.

Ingrid valte å ta siste året som nettstudium der ho bygde vidare på norsk og IT. Det var stor overgang frå den obligatorisk undervisninga på skulen til sjølvstudium med nokre få samlingar på skulen, minnast Ingrid.

- I starten sakna eg skulen, men det gjekk bra. Eg måtte laga min eigen studiekvardag.

Miljøet på skulen
Klassane er store i grunnåra, men du blir godt kjent. Ingrid fortel om eit godt miljø på skulen og at det er viktig at du som ny student tar initiativ til å få eit sosialt nettverk. Ho meiner også at lærarane har noko av æra for at ho hadde det så bra på skulen:

- Lærarane er veldig flinke til å sjå deg. Det er ikkje noko problem å banka på ei dør der. Dei hjelper deg og følgjer deg opp. Det er godt.

Spesialpedagogikk
Ingrid har gått vidare på spesialpedagogikk ved NLA. Det handlar mellom anna om problematferd, kartlegging av diagnosar og lese- og skriveopplæring, fortel ho.

- Du kan vinkla det litt etter det du er interessert i når du kjem til oppgåver og praksis. Eg har valt den retninga som går på utviklingshemming.

Dette er eit felt ho har erfaring med fordi ho jobbar i ein bustad for utviklingshemma og synest det er veldig spennande. No søker ho jobbar både i skulen og bufellesskap, men vil ikkje jobba som vanleg kontaktlærar. Og kvar vil ho jobba?

- Eg søker berre i Bergen. Bergen er blitt min by og her vil eg bu!



Les meir:
Norsk Lærerakademi (NLA)


Hanna Bland - student ved Høgskolen i Bergen
Jarle Lillevik - utdannet ved Betanien diakonale høgskole
Anders Haga - student ved Universitetet i Bergen
Jørgen Aarø - student ved Universitetet i Bergen
Øystein Staveland - Student ved Universitetet i Bergen
Henriette Thulin - Student ved Høgskolen i Bergen
Chung Wing Lai - Student ved Kunsthøgskolen i Bergen
Ane Furu - student ved Norges Handelshøyskole
Tom-Erik Taule - student ved Høgskolen i Bergen
Snorre Jordheim Myhre - student ved Universitetet i Bergen
Kari-Aileen Stensdal - student ved Norges Handelshøyskole
Bjarte Hove - student ved Norsk Lærerakademi
Vidar Laksfors - student ved Kunsthøgskolen i Bergen
Torstein Stavenjord - student ved Diakonissehjemmet
Sine Halvorsen - student ved Høgskolen i Bergen
Sitemap | Index | FAQ | Kontakt