Studentmedarbeidar kommunikasjon - Havforskingsinstituttet

På Kommunikasjonsavdelinga vår i Bergen har vi ledig ei 40 % stilling som studentmedarbeidar frå no og fram til over sommaren - med mogleg forlenging.

Arbeidsoppgåver

Delta i pågåande prosjektarbeid med publisering og utvikling av nettsidene våre (hi.no og intranettet)

Kvalifikasjoner

Du må vere leveringsdyktig og kunne arbeide sjølvstendig. Gode norskkunnskapar (skriftleg og munnleg) og god datakunnskap er nødvendig. Det er ein fordel om du har kjennskap til webpublisering, har grafisk kompetanse og erfaring med SharePoint og bilderedigering. Kunnskap om interaksjonsarkitektur og webdesign vil også telje positivt.

Ytterlegare informasjon

Ønskjer du meir informasjon kan du kontakte nettredaktør Kjersti Turøy (kjersti.turoy@hi.no)

Havforskingsinstituttet er ei IA-verksemd som er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillinga. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan offentleggjerast sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil si få fall bli orientert om dette på førehand.

Søknad skal sendast elektronisk via lenke på denne sida med CV, relevante attestar og vitnemål.

Om Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet (HI) er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre,

Austevoll og Flødevigen. Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.