Digitaliseringskonsulent (seniorkonsulent) til oppgradering av digitale samlingar (50%)

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 50% stilling som digitaliseringskonsulent (seniorkonsulent kode 1363) for å styrkje arbeidet med dei digitale arkivsamlingane knytt til Språksamlingane, som UiB har eit nasjonalt ansvar for.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY

Arbeidsoppgaver

  • Oppgradering av eksisterande digitale data, herunder samankjeding og georeferering av datasett.
  • Digitaliseringsoppgåver, herunder skanning, registrering, etterprosessering og tilgjengeleggjering.
  • Løpande oppgåver knytt til vedlikehald av samlingar.
  • Andre oppgåver knytt til drift av samlingane kan bli aktuelle.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på bachelor eller masternivå innan relevante humanistiske fag. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring med digitalisering: Skanning, registrering, etterprosessering og tilgjengeleggjering
  • God kjennskap til GIS (Geografisk informasjonssystem).
  • Databasekjennskap, erfaring med  arkiv- og bibliotekarbeid og datahandtering er ønskeleg.
  • Evne til systematisk sjølvstendig arbeid.
  • Fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Må beherske munnleg og skriftleg norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk. 
  • Personlege eigeskapar vil verta vektlagd.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) etter lønssteg 55 – 59 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr. 487 600  - kr. 522 800 i 100% stilling. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fagleg leiar for Språksamlingane Peder Gammeltoft, tlf. 55582195/45373097, e-post: peder.gammeltoft@uib.no, eller seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge, tlf. 55582572/98853148, e-post: bjorn.bagge@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.