Universitetsmuseet søker Kunnskapsvertar – deltid

Ein draumejobb for deg som nyfiken, omgjengeleg og liker å kommunisere!

Vil du jobbe med publikum ved Universitetsmuseet i Bergen? Vi har ledig fire (4) deltidsstillingar som kunnskapsvertar (konsulent 1065) knytt til Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling (AFF) frå mars 2025.

Kunnskapsvertane bemannar Universitetsmuseet, Naturhistorie som ligg i Muséplassen 3. Museet inneheld utstillingar og areal som er eigna til museumsbasert forskingskommunikasjon, undervisning, og større arrangement. Universitetsmuseet er ein viktig møteplass for akademia og samfunn og avdelinga skal gjennom ulike format og metodar kommunisere frå forskinga ved Universitetsmuseet og Universitetet i Bergen.

Kunnskapsvertar
Kunnskapsvertane er Universitetsmuseet sitt ansikt i møte med publikum. I rolla som kunnskapsvert skal du bidra til at dei besøkande får ei god og kunnskapsbasert oppleving når dei vitjar museet. Du 
vil få moglegheit til å førebu og gjennomføre ulike typar arrangement, undervisning for skuleverket, jobbe med butikk og gjere anna musealt arbeid som skal til for å skape ei flott museumsoppleving for 
dei som vitjar Universitetsmuseet, Muséplassen 3. Du vil få opplæring i det du treng for å fylla rolla som kunnskapsvert.

Stillingane lar seg kombinere med studiar og vi oppmodar studentar til å søkje. Arbeidsdagar er i hovudsak tysdag til laurdag kl. 09:45-16:15 og søndag kl. 10:45-17:15. 

  •  Vi lyser ut fire (4) stillingar på 17,33%. Dette tilseier at du jobbar 6.5 timar i veka. I desse stillingane vil ein hovudsakleg arbeide i utstillingane.

Som kunnskapsvert må du pårekna at det vil bli ekstraarbeid etter avtale i samband med arbeid som førebuingar til og gjennomføring av undervisning for skuleverket, arrangement, utstillingar og anna. Det vil også bli ekstratimar etter avtale i form av helge- og kveldsarbeid med gjennomføring av arrangement og andre aktivitetar. Dersom museets opningstid vert endra, blir stillingsprosenten endra tilsvarande.

Kunnskapsvertane rapporterer til nærmaste leiar i Avdeling for forskingskommunikasjon og formidling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må minst vere i ferd med å fullføre ein bachelorgrad, fortrinnsvis ved UiB eller tilsvarande
  • Du må vere ein dyktig formidlar som likar forskingsbasert kunnskap
  • Erfaring frå og interesse i drama, undervisning, formidling, forskingskommunikasjon eller tilsvarande
  • Du må vere løysingsorientert og praktisk anlagt
  • Du må jobbe godt i team
  • Du må meistre engelsk og norsk flytande

Andre kvalifikasjonar som blir vektlagt

  • Erfaring med å stå i butikk
  • Erfaring frå serviceyrke
  • Erfaring med å handtere og vere ansvarleg for ulike grupper menneske
  • Utdanning innan naturvitskap

Intervju
Intervjuprosessen har to rundar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til gruppeintervju 12-13, der ein får prøve seg i ulike rollar som ein kunnskapsvert skal kunne meistre. Dei som går vidare etter denne runden vert kalla inn til eit individuelt intervju.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som konsulent (kode 1065) med årslønn kr. 448 900 – 460 600 brutto årleg i 100% stilling i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få av vertsansvarleg Aisha Marie Heim, tlf. 922 56 901, e-post: aisha.heim@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Universitetsmuseet i Bergen logo
  1. Universitetsmuseet i Bergen
  2. Søknadsfrist 25. jan. 2025
  3. Stillingstype Deltid
  4. Kategori Barn / Skole / Undervisning Annet
  5. Arbeidsspråk Norsk
  6. Arbeidssted Bergen
  7. Kontaktperson

    Aisha Heim

    Vertsansvarlig

    92256901

    Send e-post

    1. Del på sosiale medier