Konsulent
Er du ein person som motiverast du av å jobbe i eit system som betyr noko for mange – og der arbeidet ditt har direkte innverknad på kvardagen til tilsette og leiarar?
Konsulent
Er du ein person som motiverast du av å jobbe i eit system som betyr noko for mange – og der arbeidet ditt har direkte innverknad på kvardagen til tilsette og leiarar? Då kan dette vere rolla for deg.
Som konsulent i Stab- og støtte får du ei sentral rolle i personalarbeidet i kommunen. Du vil bli ein viktig støttespelar for leiarar i heile organisasjonen, og vere involvert i prosessar som handlar om kvalitet, tryggleik og god forvaltning. Arbeidet er variert, meiningsfylt og gjev stort rom for fagleg utvikling.
Stab- og støtte består av økonomi, løn og personal, IKT og servicekontor. Samla sett er vi eit fagmiljø som jobbar for at kommunen skal ha gode verktøy, tydelege prosessar og profesjonell støtte i møte med krevjande og spanande oppgåver. Her møter du kollegaer med kompetanse, engasjement og eit sterkt ønske om å skape gode løysingar – både internt og for innbyggarane.
Arbeidsoppgåver
I denne rolla vil du:
- støtte og rettleie leiarar i spørsmål knytt til personal, regelverk og medarbeidaroppfølging
- bidra i prosessar knytt til rekruttering, oppfølging og utvikling av medarbeidarar
- sikre kvalitet i arbeidsavtalar, rutinar og personalforvaltning
- vere kontaktpunkt mot eksterne samarbeidspartnarar og pensjonsordningar
- arbeide med strukturar og system som bidreg til ryddige, effektive og gode prosessar
Arbeidskvardagen blir variert, men alltid meiningsfull. Du kjem til å oppleve at rolla di har stor verdi – både for leiarar, medarbeidarar og kommunen som heilskap.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
- har bachelorgrad innan HR, administrasjon eller lang og relevant erfaring
- har god forståing for regelverk og personalfaglege prosessar
- erfaring med medarbeidarstøtte, kvalitet og systematisk arbeid
- jobbar strukturert og har høg kvalitet i arbeidet
- er trygg i kommunikasjon med leiarar og medarbeidarar
- er serviceorientert, løysingsfokusert og har god samarbeidsevne
Personlege eigenskapar vi set pris på:
- jobbar strukturert og har orden i detaljane, samtidig som du ser samanhengar
- sjølvstendig og ansvarleg
- trygg i roller med koordinering og kvalitetssikring
- evner å handtere både detaljar og heilskap
- bidreg positivt i eit fagleg fellesskap
Hos oss får du
- interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit breitt fagmiljø
- høve til å påverke og utvikle HR-arbeidet i kommunen
- godt arbeidsmiljø, tverrfagleg samarbeid og engasjerte kollegaer
- konkurransedyktige vilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
- ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
-
Bremanger kommune Nettside
-
Søknadsfrist 22. mar. 2026
-
Stillingstype For nyutdannede
-
Kategori Administrasjon / Organisasjon / HR
-
Arbeidsspråk Norsk
-
Arbeidssted Svelgen
-