Ferievikarar sommaren 2026 i Fitjar kommune

Om du finn meining og tilfredsheit i å hjelpa andre menneske og søker etter måtar å forbetre kvardagen deira på så oppfordrar me deg å søke sommarjobb innan helse og habilitering. Ferievikar i desse tenestene inneber turnusarbeid dag, kveld, natt, arbeid anna kvar helg- og langturnusordning, ein avdeling med døgnturnus (medlevar).

Ferievikarar i eining for habilitering, sjukeheim, og heimebaserte tenester, Fitjar kommune

Om du finn meining og tilfredsheit i å hjelpa andre menneske og søker etter måtar å forbetre kvardagen deira på så oppfordrar me deg å søke sommarjobb innan helse og habilitering.

Ferievikar i desse tenestene inneber turnusarbeid dag, kveld, natt, arbeid anna kvar helg- og langturnusordning, ein avdeling med døgnturnus (medlever). Det vert gitt tillegg for arbeid på kveld/natt og laurdag/søndag.

Arbeidsstad:

Avdeling i Havnahuset, habilitering

Avdeling Gartneritunet og bustad i Øvrebygda, habilitering

Medlevarturnus (døgnturnus), habilitering

Heimesjukepleie utetenester og innetenester på Havnahuset

Sjukeheim

 

Fitjar kommune tilbyr

Utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande, travelt og triveleg miljø.

Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i kommunal sektor.

Oppgje i søknaden:

Kva tidsrom du ynskjer å arbeide. Ein gjer merksam på at behovet for ferievikarar kan variera i ferietida. Søkjarar som kan jobbe i 5 veker eller heile perioden vil bli prioritert.

Kva stillingsbrøk du ønsker. Dersom ein er under 18 år er det ikkje mogleg å jobbe turnus i 100%. Me ønsker personar i ulike stillingsbrøkar, frå omlag 50 til 100%. Kva ein får blir bestemt ut frå utdanning, ønske, alder og behov.

Om du har førarkort

Tilsette må leggja fram politiattest av nyare dato ved tilsetjing

Tilsetting skjer fortløpande.

Fitjar kommune logo
  1. Fitjar kommune Nettside
  2. Søknadsfrist 31. mar. 2026
  3. Stillingstype Sommer / Sesong
  4. Kategori Helse / Sosial / Omsorg
  5. Arbeidsspråk Norsk
  6. Arbeidssted Fitjar kommune
  7. Kontaktperson

    Lillian Kongestøl Vik

    Einingsleiar habilitering

    97466296

    Send e-post

  8. Kontaktperson

    Ida Elin Hatlevik Tvedt

    Senior HR-rådgjevar

    99023448

    Send e-post

    1. Del på sosiale medier