Førstekonsulent/seniorkonsulent i Servicetorget, Campus Bergen
Servicetorget høyrer til Avdeling for studieadministrasjon som har omlag 60 tilsette fordelt på alle dei fem studiestadane til HVL. Servicetorget er høgskulen si fyrstelinje.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Handsame førespurnader til fyrstelinja på telefon og e-post
- Publikumsmottak
- Studieadministrative oppgåver
- Andre påkommande arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er i utvikling, særleg med tanke på digitalisering. Endring i arbeidsoppgåver må difor påreknast.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa dei oppgåvene som skal utførast. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning
- Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
- God forståing for kva som er god kundeservice
- Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne
- God forståing for IT-verktøy
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter ein kollega som er positiv, imøtekomande og har eit engasjement for å yte god service i både rolege og travle periodar. Som tilsett i Servicetorget må du vere løysingsorientert og profesjonell i møte med våre gjestar, studentar og tilsette. Du må vere sjølvstendig og samtidig trivst med å jobbe tett i team. Du må også ha erfaring i bruk av relevante IT-system og du må ha evne til å sette deg inn i nye administrative saksbehandlingssystem og -rutinar. Du må vere ansvarsfull og påliteleg og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1363 - seniorkonsulent vurderast.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
-
Høgskulen på Vestlandet
-
Søknadsfrist 10. aug. 2026
-
Stillingstype For nyutdannede
-
Kategori Offentlig administrasjon
-
Arbeidsspråk Norsk
-
Arbeidssted Bergen
-
-