Ferievikar i Odda

Er du eventyrlysten og klar for ein sommar med 10 000 skritt i kvardagen?

Sommarjobb i Odda

Odda gir deg den perfekte miksen av vill natur og aktivt sommarliv – jobb, fjord, fjell og treningsøkt etter vakt er berre nokre minutt unna. Du blir ein del av eit internasjonalt miljø der unge vaksne møtast for å lære, jobbe og få sterke opplevingar i Hardanger.

Nokre somrar blir sitjande litt ekstra i kroppen. For Ida som har vore sommarvikar hos oss to år på rad, er det akkurat sånn. Ho seier at ho aldri har lært så mykje på så kort tid, aldri gått så mange skritt på ei vakt – og sjeldan kjent så god meistring på samme tid.

Ho fortel om dagar der alt skjer på ein gong, der ho fekk følgje med, hive seg rundt, spørje og lære – men også om kor trygt det kjennest når kollegaane rundt henne forklarer, viser og dreg henne med i det som skjer. «Du står aldri berre på sidelinja», seier Ida , «du merkar at du trengst».

På sjukehuset vårt treng vi no ferievikarar. Her får du vere ein del av kvardagen til pasientar og pårørande, og du jobbar tett saman med sjukepleiarar, legar og helsefagarbeidarar som tek deg inn i gjengen, gir deg trygg opplæring og er lette å spørje – samtidig som dei forventar at du er påskrudd når tempoet går opp.

 

Som sjukepleiar eller helsefagarbeider får du mellom anna:

  • Hjelpe pasientar med stell, måltid og å komme opp av senga.
  • Sørgje for reint sengetøy, orden på pasientromma og fylle på utstyr i hyllene.
  • Vere til stades for pasientane og bidra til at dei føler seg trygge.
  • Observere og rapportere til sjukepleiarar og legar.
  • Følgje pasientar til undersøkingar.

 

Vi ser etter deg som:

  • Er glad i mennesker og ønsker å bidra til at pasientane føler seg trygge og godt ivaretatt.
  • Ser når noko må gjerast, då finn du ut av ting – anten på eiga hand eller i samarbeid med kollegaer.
  • Likar å jobbe sjølvstendig, men du er ikkje redd for å be om hjelp av kollegaene dine.
  • Trivst med å jobbe saman i team.

 

Hos oss får du:

  • Ein trygg start - Du får opplæringsvakter før du begynner, så du er godt førebudd.
  • Fleksibilitet - Vi finn ei stillingsstørrelse som passar for deg.
  • Gode kollegaer - Vi stiller opp for deg.
  • Variasjon i kvardagen - Du får jobbe med ulike oppgåver, ingen dagar er like.
  • God stemning på jobb – Vi har eit triveleg arbeidsmiljø.

Tilreisande tilbys møblerte hyblar og reisekostnadar opptil 6000.-

Helse Fonna logo
  1. Helse Fonna
  2. Søknadsfrist 11. jan. 2026
  3. Stillingstype Sommer / Sesong
  4. Kategori Helse / Sosial / Omsorg
  5. Arbeidsspråk Norsk
  6. Arbeidssted Odda Sjukehus
  7. Kontaktperson

    Sara Steine Hessen

    HR-Rådgiver

    52732003

    Send e-post

    1. Del på sosiale medier