Skal du bli bioingeniør og ønskjer jobb og stipend?
Vil du kombinere studiene dine med en lærerik jobb - og få stipend samtidig? Hos oss får du ikkje berre ein jobb, men ei moglegheit til å lære mykje om korleis det er å jobbe som bioingeniør. Som bioingeniørstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får lønn, fagleg utvikling, og i tillegg eit stipend! Vi har laboratorium i Haugesund, Odda og på Stord, der du kan få relevant arbeidserfaring: På laboratoriet for medisinsk biokjemi og immunologi- og transfusjonsmedisin i Haugesund, samt på laboratoriet på Stord og Odda, kan du jobbe i feriar og helger. Ved laboratoriet for medisinsk mikrobiologi kan du arbeide på laurdagar og i feriar. På patologiavdelinga i Haugesund kan du jobbe i feriar. I søknaden kan du skrive om du ønskjer å jobbe ved eit spesifikt laboratorium, eller sende ein open søknad. Vi tilset kvalifiserte søkjarar fortløpande – søk no og bli med på laget!
Bioingeniørstudent
Kva går jobben ut på
- Prøvetaking av polikliniske og inneliggande pasientar
- Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
- Pasientnær analysering
- Enkelt laboratoriearbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla
- Du er bioingeniørstudent
- Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart
Kva ser vi etter hos deg
Hos oss er det viktig at du:
- er sjølvstendig
- trivest i ein travel kvardag og har høg arbeidsmoral
- samarbeider godt med andre og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- er strukturert
- er lærevillig og nysgjerrig
Kvifor skal du velje oss
- Ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
- Eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
- Medverknad til at du får utvikle breidda i bioingeniørfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.

-
Helse Fonna Nettside
-
Søknadsfrist 30. sep. 2025
-
Stillingstype Stipend
-
Kategori Helse / Sosial / Omsorg
-
Arbeidsspråk Norsk
-
Arbeidssted Haugesund, Stord eller Odda
-