Ferievikarar: Pleiemedarbeidar, miljøarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar eller helsefagarbeidar?
Kvinnherad kommune treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar og kanskje du er ein av dei? Vi treng deg som har relevant utdanning og erfaring, er i eit helsefagleg utdanningsløp eller deg som har eit ønske om å bidra slik at brukarane våre får ein fin sommar!
Ferievikarar innan helse, omsorg og sosial
Einingane i sektoren treng ferievikarar sommaren 2026 - frå 15.06.26 til 23.08.26. Det vil vera behov for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, pleiemedarbeidarar, kokk og assistentar i institusjonane og heimetenester. For dei fleste stillingane er det turnusarbeid med arbeid kvar 2.helg, kveld/dagvakter og reine nattevakter. Ein vil leggja vekt på at søkjar er fleksibel og har evne til samarbeid. Tidlegare erfaringar innan feltet er ønskjeleg, men har du ingen erfaring vil vi sørgje for god opplæring før oppstart og rettleiing undervegs.
Det er størst behov for vikarar i perioden 20.06.2026 til 16.08.2026 og du som kan arbeida i meir enn 5 veker vil bli prioritert.
Søkjarar må vera over 18 år. Vi ber deg oppgje i prioritert rekkefølgje kva eining du ønskjer å jobba i. Om du allereie har arbeid i ei eining, så tilrår me at du søkjer i same eining.
Me ønskjer at du i søknaden opplyser:
Om du har førarkort (Førarkort kl. B er naudsynt for ein del av arbeidsfelta.)
Kva eining du ønskjer å jobba i
Veker du kan jobba
Om du ønskjer/kan jobba natt
-
Kvinnherad kommune Nettside
-
Søknadsfrist 25. jan. 2026
-
Stillingstype Sommer / Sesong
-
Kategori Helse / Sosial / Omsorg
-
Arbeidsspråk Norsk
-
Arbeidssted Kvinnherad
-
-