Mentorkoordinator (konsulent)

Konsulent

Ved Studieseksjonen på Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV) søker vi ein mentorkoordinator i 30 % stilling for planlegging og gjennomføring av ei samordna mentorordning på fakultetet. Mentorordninga skal ivareta studentane gjennom det første semesteret og startar med aktivitetar i velkomstveka ved semesterstart. Ordninga er viktig for å gje dei nye studentane eit sosialt nettverk for tryggleik og tilhøyrsle samtidig som den er med på å sikre eit godt læringsmiljø frå første dag. 

For meir informasjon om fakultetet viser vi til https://www4.uib.no/for-studenter/studiestart/mentorordningen 

Arbeidsoppgåver:

Mentorkoordinatoren vil delta i rekrutteringa av rundt 55 mentorar, og planlegge og koordinere mentoraktivitetar gjennom det første semesteretDette blir gjort i samarbeid med institutta og fakultetets mentoransvarlege. Mentorkoordinatoren vil så ha ansvaret for gjennomføringa av mentortilbudet i velkomstveka (uke 33) og oppfølginga av mentorane i haustsemesteret. Koordinatoren vil også ta del i evaluering og utvikling av mentorordninga. Mentorkoordinatorstillinga er ei fast stilling og er del av Studieseksjonen ved Det samfunnsvitskapelege fakultet. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad, men du kan òg søkje om du er inne i siste året av bachelorstudiet
  • Erfaring med formidling og koordinering er ein føremon, det er òg erfaring med mentorarbeid
  • Kjennskap til studia og studiekvardagen på SV-fakultetet er ein føremon
  • Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk 
  • Er sjølvgåande og ser kva som må gjerast

Vi søkjer ein medarbeidar som er initiativrik, systematisk og løysingsorientert, og som har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Arbeidsmengda varierer gjennom året, og stillinga krev at du kan vere fleksibel og prioritere godt i travle periodar. 

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt. Masterstudentar oppmodast til å søkje

Vi tilbyr:

  • Eit godt fagleg og sosialt miljø med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Løn som konsulent (kode 1065) i lønnsspenn kr. 481 000 – 520 000, avhengig av kvalifikasjoner
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med seksjonssjef i studieseksjonen Hilde Marie Rognås, hilde.rognas@uib.no, tlf.  55 58 90 05, eller seniorrådgjevar Helene Unneland, helene.unneland@uib.no, 55 58 91 09.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.   

Universitetet i Bergen logo
  1. Universitetet i Bergen
  2. Søknadsfrist 22. nov. 2026
  3. Stillingstype Deltid
  4. Arbeidsspråk Norsk
  5. Arbeidssted Bergen
  6. Kontaktperson

    Hilde Marie Rognås

    Seksjonssjef i studieseksjonen

    55 58 90 05

    Send e-post

  7. Kontaktperson

    Helene Unneland

    Seniorrådgjevar

    55 58 91 09

    Send e-post

    1. Del på sosiale medier