Rådgivar økonomi
Vil du vere med å utvikle kompetanse- og næringsområdet?
Økonomiteamet vårt:
jobbar tett på heile kompetanse- og næringsområdet. Vi arbeider med å få på plass økonomiske rammer for dei ulike områda vi er satt til å forvalte. Hos oss blir økonomi meir enn tal – det handlar om å utvikle framtida!
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett med oss vil arbeide med økonomiplan og analyser, budsjett, rapportering, regnskapsføring, faktura, løn og personaloppgåver.
Dine hovudoppgåver vil omfatte budsjettering, rekneskap/prosjektrekneskap, analyser, rapportering og formidling.
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast for stillinga, men vil då kunne få ein anna stillingstype enn rådgivar
- erfaring frå offentleg sektor kan vere ein fordel
- har god norske munnleg og skriftleg formidlingsevne
Vi oppfordrer nyutdanna personar til å søke på stillinga
Personlege eigenskapar
- er systematisk og nøyaktig
- har evne til å sjå samanhengar
- pådrivar for å nytte ny teknologi i utvikling av fagområdet og avdelinga
- evner å prioritere og kan levere raskt på bestillingar med korte fristar
- gode formidlings- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
Dette er ei spennande stilling med moglegheit for å utvikle økonomiområdet i kompetanse- og næringsavdelinga.
Her får du både handlingsrom og moglegheit til å ta i bruk nye teknologiar i tråd med framtidige krav
Moglegheit for vidareutdanning på masternivå
Du får offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring og løn etter avtale.
Vi ser fram til å høyre frå deg! Last opp din CV, vitnemål og relevante attestar.
I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ønsker vi at du svarar på følgande spørsmål i søknaden din:
- Kva er motivasjonen din for å søke på denne stillinga?
- Kva arbeidserfaring eller erfaring frå studietida vil du trekke fram som spesielt nyttig for denne stillinga?
- Skildre kort dei sterkaste personlege eigenskapane dine, og korleis du trur dei vil kome til nytte i denne rolla.
Stillinga er lokalisert på fylkeshuset i Molde saman med resten av økonomiteamet
-
Møre og Romsdal fylkeskommune Nettside
-
Søknadsfrist 18. mar. 2026
-
Stillingstype For nyutdannede
-
Kategori Offentlig administrasjon Økonomi / Regnskap
-
Arbeidsspråk Norsk
-
Arbeidssted Fylkeshuset i Molde
-
Kontaktperson
Monica Kjøl Tornes
Assisterande kompetanse- og næringsdirektør
+4797195375
-