Rådgivar vassforvaltning

Vil du bidra til eit betre vassmiljø på Sunnmøre?

Arbeidsbeskrivelse

Arbeidsoppgåver

I stillinga skal du mellom anna:

  • koordinere innsatsen i vassområda Søre Sunnmøre og Nordre Sunnmøre for å følge opp miljømåla i regional vassforvaltningsplan.
  • føre fram det faglege og administrative arbeidet i vassområdeutvala og følge opp og rettleie kommunane.
     
  • bidra til og drive fram kartlegging, planlegging og gjennomføring av tiltak som betrar vassmiljøet i samarbeid med kommunar, sektormyndigheiter, frivillige og grunneigarar.
  •  behandle saker og gi innspel til mellom anna høyringar og planer.

 

Kvalifikasjonar

Stillinga har også nokre krav:

  • Du har naturfagleg utdanning på masternivå som har gitt deg god kunnskap om forvaltning av økosystem.
  • Du har erfaring med å leie prosjekt eller prosessar.
  • Du er god til å kommunisere både muntleg og skriftleg på norsk.

Relevant erfaring frå offentleg forvaltning, som planarbeid eller saksbehandling, kan vere ein fordel. 

 

Personlege eigenskapar

Du har gjerne nokre av desse eigenskapane:

  • Du har engasjement og interesse for vassmiljø og levande økosystem.
  • Du er god til å formidle faglege tema og engasjere til breie og gode samarbeid.
     
  • Du trivst med å koordinere og drive fram tiltak og samarbeid på tvers av aktørar.
  • Du likar å finne faglege og praktiske løysingar på utfordringar.

 

Vi tilbyr

  • eit dyktig, engasjert og samarbeidsorientert fagmiljø
  • fagleg utvikling og varierte oppgåver du sjølv kan vere med å utforme
  • moglegheiter for fagleg fordjuping og oppdatert kompetanse
  • ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, med kontorstad i Molde eller Ålesund
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale
Møre og Romsdal fylkeskommune logo
  1. Møre og Romsdal fylkeskommune Nettside
  2. Søknadsfrist 23. feb. 2026
  3. Stillingstype For nyutdannede
  4. Kategori Maritim / Offshore Administrasjon / Organisasjon / HR Bærekraft / Fornybar energi / Sirkulærøkonomi Annet
  5. Arbeidsspråk Norsk
  6. Arbeidssted Fylkeshuset i Molde eller NMK Ålesund
  7. Kontaktperson

    Birgitt Aarønæs

    Seksjonsleiar

    +4791886088

    Send e-post

    1. Del på sosiale medier