Er du på jakt etter sommarjobb?
Vi har inntil fire ledige stillingar som sommarvikar på Nav økonomiteneste (ØT) i perioden 08.06.2026 til 14.08.2026, med moglegheit for forlenging eller tidlegare oppstart.
Arbeidsbeskrivelse
Vi utfører landsdekkande økonomitenester for Nav, med ansvar for både rekneskap, lønn, bestilling og faktura, utbetalingar frå Nav og intern brukarstøtte på økonomiområdet. I tillegg til dagleg drift jobbar vi med utvikling og automatisering av økonomiprosessar. Vi har difor eit breitt spekter av spennande arbeidsoppgåver du kan bryne deg på – avhengig av kva fagleg bakgrunn du har.
Vi treng deg i hovudsak til å utføre dei løpande oppgåvene under ferieavviklinga. I tillegg har vi god erfaring med at sommarvikarane bruker sin ferske kunnskap til meir enn dagleg drift. Vikarane jobbar saman om ei utviklingsoppgåve, som utviklar både dei og oss. Vi trur det gir ein ekstra dimensjon til sommaren hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming lønn og rekneskap
- Fakturabehandling
- Betaling og oppfølging
- Andre oppgåver ved behov
- Utviklingsoppdrag i tillegg til løpande driftsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå, eller er i gang med studiar gjerne innan økonomi og administrasjon
- Evne til å arbeide systematisk, nøyaktig og effektivt
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
- Positiv og fleksibel
- Nysgjerrig på nye arbeidsoppgåver
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Spennande jobb i eit stort fagmiljø
- God opplæring
- Lønn etter kvalifikasjonar i eit lønnsspenn på kr. 500.000-550.000
- Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
Kven er vi?
Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber blant anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav. Vi er 100 tilsette fordelt på sju seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
#sommarjobbivest #sommarjobb #sommerjobbivest
-
Nav økonomiteneste Nettside
-
Søknadsfrist 8. mar. 2026
-
Stillingstype Sommer / Sesong
-
Kategori Økonomi / Regnskap
-
Arbeidsspråk Norsk
-
Arbeidssted Leikanger
-