Me søkjer juridisk rådgjevar!
Me søkjer deg som har særskilt interesse for offentleg rett, du vil få ei viktig rolle i arbeidet med å sikre kvalitet i saker, og vere ein sentral rådgjevar i organisasjonen!
Som juridisk rådgjevar får du ei sentral rolle i å styrkje rettstryggleik og kvalitet i kommunen si verksemd.
Du vil arbeide tett på både administrasjon og politisk nivå, og vere ein fagleg sparringspartnar i juridiske spørsmål på tvers av organisasjonen. Stillinga er brei og variert, og oppgåvene vil spenne frå løpande juridisk støtte til meir prinsipielle vurderingar, avhengig av behov og kompetanse.
Kvalifikasjonar:
- Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap.
- Studentar som fullfører studiet våren 2026 er velkomne til å søkje. Tilsetting føreset at masteroppgåva er levert og at godkjent mastergrad kan dokumenterast før oppstart.
Det er ein fordel med:
- Erfaring frå arbeid knytt til offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk i offentleg sektor.
- Gode IKT-kunnskapar.
- God skriftleg framstillingsevne på nynorsk.
- God relasjonskompetanse, i tillegg til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- God kjennskap til avtaleverket i KS-området og offentleg rett.
Eigenskapar:
- Evne til å arbeide både strategisk og operativt.
- Nøyaktig og strukturert, med høg integritet.
- Trivst med varierte faglege utfordringar.
- God rolleforståing.
- Du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde.
- Deler av eigne, og er open for andre sine, tankar, idear og innspel.
- Positiv, proaktiv og engasjert.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgåver:
- Rådgjeving, rettleiing, opplæring og kvalitetssikring i juridiske spørsmål innan kommunen sine ulike fagfelt, med særskilt merksemd på forvaltningslova, arbeidsrett, kommunelova og offentleglova.
- Sakshandsaming og klagehandsaming, også førebuing av saker til politisk handsaming.
- Utarbeide og vedlikehalde juridiske dokument og malar for verksemda.
- Utgreiingar, utarbeiding og forhandling av kontraktar.
- Stillinga kan bli tillagt oppgåver innan alle fagfelt i kommunen ut frå behov-
Me tilbyr:
- Eit godt miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode velferdsordningar.
- Fleksible arbeidstidsordningar.
- Løn etter avtale.
Arbeidsstad: Leikanger. Oppstart etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
-
Sogndal kommune Nettside
-
Søknadsfrist 6. apr. 2026
-
Stillingstype For nyutdannede
-
Kategori Juss Administrasjon / Organisasjon / HR Konsulent / Rådgiver Offentlig administrasjon
-
Arbeidsspråk Norsk
-
Arbeidssted Sogndal
-