Fritidskontakt

3 timar i veka

Fritidskontakt til jente 17år søkes

Barnevernstenesta søkjer ein trygg og positiv fritidskontakt til ei jente på 17 år som bur i Haugesundsområdet.

Vi ser etter deg som ønskjer å vere ein positiv og stabil vaksenperson i ungdommen sin kvardag. Gjennom aktivitetar og sosialt samvær kan du bidra til gode opplevingar, meistring og auka deltaking i fritida.

Om ungdommen

Jenta er 17 år og har autismespekterforstyrring. Ho er ein reflektert ungdom som fungerer godt i kvardagen, men som kan oppleve sosiale situasjonar som utfordrande. Ho har eigne interesser som ho er engasjert i, og målet med oppdraget er å bidra til gode aktivitetar, sosial deltaking og positive opplevingar saman med ein trygg vaksen

Om oppdraget

  • Omfang: 3 timar per veke
  • Tidspunkt: Mellom måndag og torsdag på ettermiddag- og kveldstid
  • Oppstart etter avtale
  • Oppdraget blir lønna etter gjeldande satsar

Arbeidsoppgåver

  • Delta i aktivitetar saman med ungdommen ut frå hennar interesser
  • Vere ein trygg og positiv samtalepartnar
  • Bidra til sosial deltaking, meistring og gode opplevingar
  • Byggje ein god og tillitsfull relasjon over tid

Vi ønskjer at du

  • Er ein trygg, tålmodig og stabil vaksen
  • Er positiv og har gode relasjonelle ferdigheiter
  • Kan vere ein god rollemodell for ungdom
  • Er sjølvstendig og påliteleg
  • Kan leggje fram tilfredsstillande politiattest

Du treng ikkje formell utdanning, men erfaring frå arbeid med ungdom eller anna relevant erfaring er ein fordel.

Sunnhordland interkommunale barnevern logo
  1. Sunnhordland interkommunale barnevern
  2. Søknadsfrist 1. okt. 2026
  3. Stillingstype Prosjekt / Engasjement
  4. Kategori Helse / Sosial / Omsorg
  5. Arbeidsspråk Norsk
  6. Arbeidssted Haugesund Kommune
  7. Kontaktperson

    Mari Valvatne

    Kontaktperson

    48990927

    Send e-post

    1. Del på sosiale medier