Trainee til ei av Vestlandets største IT-plattformer

Trainee Vest tilbyr et bredt spekter av stillinger innen mange ulike fagområder. Som trainee gjennom vårt traineeprogram får du en unik kombinasjon av faglig og personlig utvikling. En traineestilling byr på ny kompetanse, nye utfordringer, nettverk i næringslivet og flotte opplevelser gjennom året.

Trainee til ei av Vestlandets største IT-plattformer

Arbeidsoppgåver

Som trainee hos oss vil arbeidsoppgåvene dine vere avhengige av kompetansen, erfaringa og interessa di. Til dømes:
 

  • Vere ein ressurs som støttar oss i å bli betre på infrastruktur som kode (IaC), jobbe med å bygge DevOps-kulturen vår og automatisere nokre av oppgåvene våre
     
  • Skrive kode og automatisere prosessar knytt til infrastrukturen vår (mellom anna innan skyplattformar, sikkerheit eller nettverk)
     
  • Hjelpe oss å lage malar for korleis vi bruker GitHub, Azure DevOps, CI/CD pipelines eller andre støttesystem
     
  • Lage underlag for å velje heilt andre system som støtter vår strategi om å vere stabil, sikker og framtidsklar

Kvalifikasjonar

Du må:

  • Ha høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, med fokus på IT
  • Vere nyutdanna med maksimalt tre års erfaring etter studiar
  • Ha motivasjon til å lære meir om IT-infrastruktur
  • Trivast med å jobbe med data og enkel datamodellering
  • Ha gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk
  • Beherske norsk som arbeidsspråk

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i eit dynamisk miljø, og klarar å prioritere oppgåvene dine, også når det av og til skjer mykje på ein gang
  • Vi håpar du vil bidra til å utarbeide god dokumentasjon, slik at KI-modellane våre kan dra nytte av den
  • Du driv oppgåvene dine framover sjølv, men veit samtidig når det er lurt å be om hjelp eller sparre med teamet
     

Vi tilbyr

  • Du kan dypdykke i vestlandets største IT-plattform som leverer høg oppetid for 33000 brukarar
  • Du får jobbe i team saman med 20 godt erfarne spesialistar på IT-infrastruktur
  • Du vil vere ein del av eit team med godt humør og høg psykologisk tryggleik
  • Du får gode kontorlokale i Bergen sentrum, med mogelegheit for fleksibel arbeidsstad

 

Som deltakar i traineeprogrammet til Trainee Vest får du

  • Utviklingsprogram gjennom Trainee Vest

Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling følger Trainee Vest sitt årshjul. 

 

Vi veit at mangfold gjer oss betre, og oppfordrar spesielt kvinner til å søkje.

Trainee Vest 2026 - Trainee Vestland Fylkeskommune logo
  1. Trainee Vest 2026 - Trainee Vestland Fylkeskommune Nettside
  2. Søknadsfrist 12. apr. 2026
  3. Stillingstype For nyutdannede
  4. Kategori IT
  5. Arbeidsspråk Norsk
  6. Arbeidssted Vestland Fylkeskommune
  7. Kontaktperson

    Christian Våge

    Leiar

    48033781

    Send e-post

  8. Kontaktperson

    Ragnhild Friis-Ottessen

    programansvarlig Trainee Vest

    91125951

    Send e-post

    1. Del på sosiale medier